Tango, politikk og grammatikk

Hausten 2015 gjekk turen til Buenos Aires og Rayuela. Fire privattimar per dag var mykje meir slitsamt enn det eg hadde førestilt meg på førehand! Lærar Yanina snakka konsekvent berre spansk med meg, og eg måtte svare på spansk. Hjernen kokte, men det er slikt det blir framgang av.

Vi arbeidde mest med grammatikk, men snakka også om norsk og argentinsk kultur og samfunn. Eg kunne få i lekse å skrive om kvinner i norsk politikk eller kvifor det finst to norske skriftspråk (bokmål og nynorsk). Unødvendig å seie at det gjekk med ein god del tid til lekser og.

Lærarane, Alejandro (som og er rektor/eigar) og Yanina, har solid språkutdanning, og det var merkbart at dei var genuint interesserte i språk, og også i litteratur.

Den argentinske spansken (i alle fall den i Buenos Aires) har nokre særtrekk. Dobbel l, som i vanleg spansk høyres ut som ein slags "j", blir stemt. "Du" er ikkje "tu", men "vos". Verbforma for andreperson eintal (altså vos), har ikkje same bøyingsmønster som i vanleg kastiljansk. Eksempel: Tu tienes = vos tenés. Og som elles i latin-amerika bruker dei ikkje andreperson fleirtal ("vosotros"), dei bruker same bøyningsmønster som tredjeperson fleirtal. (Dei bruker heller ikkje "vosotros", men "ustedes") Eg er veldig fornøgd med min argentinske aksent :-)


Det var presidentval i Argentina mens eg var der. Det var spennande og utfordrande å sette seg inn i eit politisk landskap og politisk kultur som er så ulikt det norske. Det var ikkje berre ein slags høgre-venstre-akse, men også ein for-eller-mot Christina. Kirchner, altså. Det er også meir polarisert enn i Norge, og sjølvsagt prega av at det er eit presidentsystem.

Mens politikarane rotar det til for argentinarane, er det definitivt eit land det er fantastisk å vere turist i.

Etter fire veker med privattimar kvar dag trappa eg ned språkstudia. Eg reiste rundt i landet, drakk vin i Mendoza, tok bussen over Andesfjella til Santiago de Chile, vandra i fargerike fjell på 4000 meters høgd i Jujuy, kjente korleis dei massive fossane i Iguazu fekk adrenalinet til å pumpe, og så var eg sjølvsagt ein del i Buenos Aires. Kvar einaste dag er det mange plassar å danse tango, og etter kvart fekk eg mine favoritt-practicaer og milongaer. Det høyres kanskje ut som ein klisje, men enkelte av stadene har portar eller dører som er så anonyme at du ikkje ville gjette at det foregår noko på innsida. Det kjenst nesten magisk når du då plutselig er inne i ei verd med dansande menneske.

 

Eg er blitt veldig glad i Argentina, og spesielt i bråkete, store Buenos Aires med sine porteños, forfall og sjarm.

 

 

 Marit Holmquist Fenne

Marit Holmquist Fenne

Linkedin

 

 



Aviso legal: la denominación Rayuela y el logo que la acompaña son marca registrada ante la Oficina de Marcas del Instituto Nacional de la Propiedad Industrial (I.N.P.I.) de Argentina.

Tango, politikk og grammatikk | Rayuela


Instituto de Español Rayuela
Spanskskole i Buenos Aires | Rayuela
Chacabuco 852, leilighet 10 - Buenos Aires - Argentina
WhatsApp: +54 9 11 5101 8077
          www.spanish-argentina.com.ar

Posicionamiento en Buscadores - eMarketingPro | Diseño Web - NetOne